Nasjonal vegdatabank har den siste tida i tillegg til å vedlikehalde og vidareutvikle dei eksisterande produkta og løysingane utvikla to nye hjelpeløysingar.
NVDB-Info
Ei ny nettside for å finne dokumentasjon, API-referansar, brukarstøtte og generell informasjon om verktøy og data i Nasjonal vegdatabank (NVDB).
Nettsida har adresse nvdb.atlas.vegvesen.no (og vil snart ha snarvegen nvdb.no).
Systemet er no oppe og kan takast i bruk av alle som arbeider i NVDB eller med data frå Nasjonal vegdatabank.
Hensikta med den nye tenesten er å samle all nødvendig informasjon om våre tenestar på ein stad så det er lett å halde seg oppdatert og finne nødvendig informasjon. Målet er å fullt ut erstatte vegdata.no som informasjonskjelde.
Arbeidet er godt i gang med å flytte data frå eller lenke til andre kjelder inn i den nye løysinga.
I ei periode framover vil det vere ein del lenker inn til gamle sider og tenestar medan vi går gjennom innhaldet for å passe til den nye malen og vere oppdatert. Men gradvis vil all vere på plass.
Framsida ser ut som dette:
Innhald i tenesten
Tenesten er ny og framleis under utvikling både med tanke på funksjon og innhald. I denne første versjonen har vi følgande funksjon/innhald:
Produkt
Oversikt over alle produkt og tenester som Nasjonal vegdatabank leverer. Her er både interne tenester som utviklarar og andre system nyttar for å levere gode løysingar og sluttbrukar og publikumstenestar. Her er det dokumentasjon, API-referansar og informasjon om produktet.
Nyheiter
Ein blogg med postar som fortel kva som rører seg i Nasjonal vegdatabank.
Kom i gong
Informasjon om Nasjonal vegdatabank og korleis du kan ta i bruk tenestar eller få tilgang på data.
Endringslogg
Oversikt over alle endringsloggane til produkta levert av NVDB.
Framtidig funksjon
Andre funksjonar som er under utvikling og vil kome i nær framtid er:
Kalender
Informasjon om planlagt aktivitet
Dette kan til dømes vere:
- Kurs, Konferanse og seminar
- Demo av nye leveransar
- Viktige endringar og hendingar
Opplæring
Oversikt over alt som finst av opplæringsmateriale og brukarrettleiing til dei ulike produkta.
NVSB-Status
Teneste for å vise status til alle produkta i Nasjonal vegdatabank (NVDB)
Framsida viser ei oversikt over alle produkta og eit ikon som indikerer status.
Her vil det vere både automatiske varsel frå interne statustenestar og manuelle meldingar om aktive og planlagde hendingar som kan påverke bruken av ulike tenestar.
Du kan og gå inn på berre ein teneste dersom det berre er den du nyttar i arbeidet og vil og få opp meldingar frå andre tenestar som denne er avhengig av for å fungere.
Det ulike statusane:
- Inga hending:
Alt er i orden - Vedlikehald:
Det vert utført vedlikehald av systemet som kan påverke stabilitet eller respons frå tenesten - Merknad:
Det er informasjon som kan vere nyttig å vite om for brukarar av tenesten - Hending:
Det er ei pågåande hending som påverkar bruken av tenesten i form av ustabilitet, tregheit eller tilgjengelegheit - Driftsstans:
Tenesten er heilt nede og/eller utilgjengeleg
API
Løysinga har og eit API som andre system kan nytte for å vise dei same meldingane internt i si løysing.