Eksternt GNSS-utstyr + SINUS infra? VegviserenService klar for fri nedlasting

Ved å bruke eksternt GNSS-utstyr saman med SINUS infra, vil ein kunne oppnå betre kvalitet på eigengeometri. For at SINUS infra skal kunne ta imot posisjonsdata frå ekstern GNSS-utstyr er det nødvendig å bruke nyaste versjon av Vegviseren, samt den tilhøyrande tenesta VegviserenService. Dette må installerast på nettbrettet/måleboka, og startast opp når ein skal starte registrering i SINUS infra.  

Vedlegg

Oppsett av VegViseren-tjeneste v5.0

I denne fila er det linka til installasjonsfilene, samt rettleiingstekst for installasjonen. Les nøye!

Webinar SINUS infra + GNSS

Opptak av webinar som vart halde 18.06.08. Her blir det halde demo av Triona av korleis ein installerer og brukar VegviserenService på rett måte, samt får det til å fungere saman med SINUS infra. Det blir også informert om ting ein bør passe på før, under og etter installasjon. Dei viktigaste punkta er oppsummert i Tips-lista under.

Tips

  • Du bør ha admin-rettigheiter til nettbrettet/PC/målebok VegviserenService skal installerast på, samt sørge for at utstyret følger sine anbefalte serviceintervall hos leverandør. 
  • For GNSS-utstyr som skal brukast til innmåling av objekt til NVDB: Hugs å konfigurere utstyret til å måle i NN2000. Denne konfigurasjonen bør gjerast før installasjonen av VegviserenService.  
  • Ved bruk av antenne på GNSS-utstyret: Ver klar over at høgdemodell og antennehøgde kan konfigurerast i både GNSS-instrumentet, Vegviseren og SINUS. Dette vil gje feil høgde inn i NVDB! Legg derfor antennehøgda inn på enten sensoren, i Vegviseren eller i SINUS infra, og set dei andre to til ‘0’.  
  • Ver merksam på at differansen på ellipsoidiske høgder (som GNSS gir ut i utgangspunktet) og NN2000 er på omlag 40 meter i Noreg. For å avdekke at utstyret er sett opp riktig, og måler i riktig høgdesystem; Ta gjerne sjekk av høgdene opp mot fastmerke med kjent høgde i NN2000. Oversikt over kvar landsnettpunkta ligg finn du her: https://norgeskart.no 

Spørsmål om Vegviseren, VegviserenService, eller SINUS infra kan sendast til sinus@support.triona.no 

Spørsmål om NVDB kan sendast til nvdb@vegvesen.no