Oppdatering 14. mars:
NVDB Les-API er tilbake i normal drift og oppdateringa ser så langt ut til å vere ein suksess. Vi har fått inn normalt med endringssett så langt i dag, og har ikkje registrert kø enda.
Oppdatering 11. mars:
Test i våre testmiljø er veldig positive. Vi har utført testing med registrering av fleire endringar i NVDB enn vi normalt har i produksjonsmiljø samstundes som vi simulerte ekstrem last på API-et med mange store spørjingar i Les.
Resultatet var at vi berre opplevde midlertidig kø på få minutt i samband med endringar i vegnettet. Men køa tok seg inn igjen etter få minutt. Vi opplevde og at Les er litt tregare (brukar litt lengre tid på å svare) når lasta er størst. Dette var og forventa, men vi reknar gevinsten med å få tilgang på oppdaterte data raskare som større enn ulempene med at svartida vert litt større.
Planlagt oppdatering
Vi driv testing av ei endring i NVDB som skal redusere tida som går med til indeksering av data – eller tida det tek frå NVDB mottek ei endring til den er tilgjengeleg i Les.
Vi har gode erfaringar med testing så langt og ser ut til å kunne redusere tidsbruken med opp mot 90%. Det vil sei at vi kan gå frå dagens situasjon der vi midt på dagen får inn meir enn dobbelt så mange endringar kvart minutt enn vi kan handsame, og dermed kontinuerleg bygger opp kø, til å kunne handsame opp til dobbelt så mange endringar som vi får inn no.
Konsekvens under oppdatering
Men innføring av endringa vil føre til komplett nedetid for Les-API og dermed alle system som er avhengige av dette (Vegkart, Datafangst og eksterne klientar som viser eller nyttar data i NVDB).
Reserveløysing
API v2 og Vegkart-2019 vil vere tilgjengeleg, men det er her ikkje informasjon om vegsystem eller nye fylkes- og kommunestrukturar. Det kan brukast for å finne fagdata om vegobjekt, men vil då innehalde gamle referanse til vegnett, fylker og kommunar.
Nasjonal vegdatabank API.v2 (NVDB API.v2)
Vegkart-2019 (vegvesen.no)
Vurdering nytte/ulempe – tilbakemelding
Vi ser gevinsen med å innføre denne endringa som så stor at dersom vi ikkje finn store problem under testing fra til fredag vil vi innføre det alt no i helga (startar arbeidet fredag 11. mars 2022 kl 16:00).
Dette er kort varsel, men vi har arbeida lenge med å finne ei løysing på dette problemet som stadig vert sørre og som vi får veldig mange tilbakemeldingar på at skaper problem for våre brukarar.
Dersom dette fører til store operasjonelle problem for nokon ber vi om tilbakemelding på dette til NVDB@vegvesen.no.