Kontrakter manglar i lista etter bytte til ny Datafangst-adresse

Vi har registrert at mange opplever at kontraker manglar etter å ha bytta til ny adresse for Datfangst.

Det er ingen endring i Datafangst i samband med adresse-ending, og alle tilganger er som før.

Den vanlegaste årsaka til manglande kontrakter er at brukaren har fleire brukarnamn. Det kan vere fleire ulike e-post-adresser (privat og jobb) eller e-postbrukar og SVV-identitet. Undersøk difor at det er samsvar mellom brukar-ID som kontraktansvarleg eller forvaltar har lagt til i kontrakta og den brukar-iden det vert logga inn med.

3 feil i Datafangst

Vi har for tida tre kjende feil i Datafangst som vi srbeider med å løyse.

  • Pålogging feilar i perioder.
    Vi har problem med at pålogging feilar. Dette er relatert til ein ekstern teneste som Datafangst nyttar seg av for å logge inn med brukarar frå Statens vegvesen. Vi har ein patch som vil unngå problemet, men vi arbeider vidare med å løyse problemet permanent.
    Ved feil, ta ei lita pause og prøv igjen før du feilmelder til oss.
  • Datafangs loggar ut etter 15min inaktivitet.
    Vi har registrert at enkelte brukarar vert logga ut av Datafangst etter litt inaktivitet (ca. 15min?). Vi trur det avhenger at kva aktivitet som vert utførd i Datafangst, men det skal ikkje vere sånn. Vi arbeider med å kartlegge og identifisere problemet.
  • Stadfesting på private vegar fugerer ikkje. Dersom du skal stadfeste på privat veg må du inntil vidare gå over til gamal løysing for stadfesting. Det er val for det på stadfestingsfanen.

Restart av Datafangst i dag

Vi vil i dag gjere ei oppgradering av serveren til Datafangst for å betre stabilitet og redusere risiko for nye driftsproblem som vi har hatt dei siste dagane.

Etter oppgradering er det nødvendig med ein restart av server. Det vert då nedetid i nokre få minutt ein gong mellom 11:00 og 12:00 i dag. Alt arbeid vert lagra, men all emå logge inn på nytt etter restart.

Etter at serveren er oppdatert håpar vi på at Datafangst vil verte stabil igjen og få betre ytelse som ein bonus.

Datafangst tilbake i normal drift

Vi har no utførd nokre endringar i Datafangst som så den er tilbake i normal drift.

Årsaka til problema var overbelastning av server. Endringane vi har gjort no gjer at tenesten ikkje går ned ved stor belastning, men vi vil framleis oppleve tregheit ved mykje bruk.

For å betre ytelsen planlegg vi no oppgradering av server i nær framtid.

Problem i Datafangst

Vi har i dag hatt mykje problem med Datafangst. Vi har feilsøkt i heile dag, men har ikkje fått retta feilen.

Sidan vi ikkje finn årsaka til feilen er det vanskeleg å seie noko om forventa tid for å rette den, men vi arbeider vidare med feilsøking.

Feilen påverkar alle som nyttar datafangst API for å skrive til NVDB.

Datafangst 2020-3.0.0

23. november 2020

  • Ny versjon av stedfesting med API Skriv
  • «Fase» brukes ikke lenger som en del av stedfesting
  • vegnettet grupperes etter trafikantgruppe og stedfesting skjer på veglenker innenfor samme gruppe
  • Rettet en feil der endring av stedfesting noen ganger ikke ville oppdatere kartet
  • Diverse mindre justeringer på stedfesting
  • Riktig rapportering av manglende egenskaper på kopierte vegobjekter
  • Riktig avklaring av advarsel om manglende sammenkobling
  • Riktig sortering av egenskaper for skiltnummer
  • Kontraklisten sorterer som standard etter sist endret først
  • Fikset en skrivefeil

Planlagt vedlikehald i NVDB

22.11.2020 kl. 12:00 – 23.11.2020 kl. 08:00

Det er planlagt vedlikehald av interne system knytta til skriving av data til NVDB. Det er venta ustabilitet og nedetid for NVDB API-Skriv i delar eller heile perioden. Det er og venta at andre system som NVDB API-Les og Vegkart kan oppleve ustabilitet og tregheit i perioden.

Klientar som nyttar NVDB API-Skriv vil og oppleve ustabilitet med tanke på oppdatering og uthentig av eksisterande objekt i NVDB, og alle forsøk på å skrive til NVDB vil verte avviste.

Arbeidet byrjar søndag kl. 12:00 og er venta å ta om lag 12 timar. Vi vetar at alt etterarbeid skal vere ferdig og alle system tilbake i normal drift i god tid før kl. 08:00 måndag morgon.

Følg med i driftmelding på vegvesen.no for oppdateringar:

https://www.vegvesen.no/portal/