Problem i Les – LØYST

Oppdatering 3/6 2022:

Problema i Les var løyst rundt 16:15 i går 2/6. Kort tid etter var NVDB oppdatert og tilbake i normal drift. Alle system skal no ha normal tilgang til NVDB-data igjen.

Original melding 2/6 2022 – 15:15:

Det har oppstått problem med handsaming av eit endringssett som kom inn til NVDB rundt 13:15 i dag. Det har skapt ein del ustabilitet i Les og Les har no slutta å svare på dataforespørjingar.

Dette fører til at alle system som nyttar NVDB-data no er ustabile.

Innførings-Webinar i NVDB-datakatalog, objektlisten og SOSI 

Datakatalogen og objektlisten til NVDB kan virke omfattende for den som nettopp har startet med å levere data til nasjonal vegdatabank (NVDB). Derfor blir det 9.juni avholdt webinar fra Statens vegvesen om datakatalogen og objektlisten til NVDB og SOSI. 

Opptak fra webinaret her

Tidspunkt: 

9.juni kl 9-11 

Plassering: 

MS Teams 

Innkalling med link vil bli sendt ut til påmeldte noen dager før. 

Agenda 

  • Velkommen 
  • Objektlisten 
    • Innhold
    • Bruk 
  • Datakatalogen
    • Versjoner 
    • Produktspesifikasjoner 
    • Logger 
    • Regler 
    • Assosiasjoner 
    • Geometri 
  • SOSI NVDB og FKB 
    • Felleskomponenter 
    • Fra Datakatalog til SOSI 
  • Spørsmål 

Påmelding: 

https://forms.office.com/r/KDcywMFwEX

Frist: 8. juni kl 20:00

Miljø for ATM (test) og STM (systemtest) i NVDB er oppe igjen

Det var som kjent driftsproblem i IT-systemene til Statens vegvesen før påske. Dette førte til at mange system gjekk ned både internt og eksternt for SVV.

Fokuset var først på å få opp alle system med publikumsløysing i produksjon. Interne system og testmiljø vart prioritert seinare.

No skal ATM (test) og STM (systemtest/utv) for NVDB vere oppe igjen og utviklarar kan igjen starte testing aveigne løysingar mot desse miljøa.

Feil! IND stoppa opp ei lengre periode 16. mars.

Klokka 12:07 16. mars fekk NVDB-IND problem med ei endring i vegnettet. Dette førte til auka serverbruk som førte til fullstendig frys i Les rundt 13:00.

Les fekk vi raskt tilbake med enkle justeringar i servelast, men IND stod fast på vegnettsendringa heilt fram til rundt 15:30 der vi klarte å «hoppe over» den aktuelle endringa og gå vidare med køa.

NVDB funger no som normalt igjen, med eit lite unntak. på fv. 410, fv. 420 og tilstøytande vegar i Arendal er det avvik mellom vegnettet som er registrert i Skriv (og databasen) og det som er vist ut til verda gjennom Les. Dette vil føre til problem dersom nokon forsøker å gjere endringar i dette området. Det ligg difor ein lås på det berørte området og endringar som er innanfor låsen vert ståande på vent til vi har løyst det lokale problemet.

Når låsen er fjerna vert dei lagt inn i køa som nye endringar og vi reknar med dei fleste går gjennom, men enkelte kan verte avviste på grunn av at objektet er oppdatert av andre enringssett i området.

— NEDETID I NVDB LES — Planlagt oppdatering av NVDB i helga (11-13. mars 2022)

Oppdatering 14. mars:

NVDB Les-API er tilbake i normal drift og oppdateringa ser så langt ut til å vere ein suksess. Vi har fått inn normalt med endringssett så langt i dag, og har ikkje registrert kø enda.

Oppdatering 11. mars:

Test i våre testmiljø er veldig positive. Vi har utført testing med registrering av fleire endringar i NVDB enn vi normalt har i produksjonsmiljø samstundes som vi simulerte ekstrem last på API-et med mange store spørjingar i Les.

Resultatet var at vi berre opplevde midlertidig kø på få minutt i samband med endringar i vegnettet. Men køa tok seg inn igjen etter få minutt. Vi opplevde og at Les er litt tregare (brukar litt lengre tid på å svare) når lasta er størst. Dette var og forventa, men vi reknar gevinsten med å få tilgang på oppdaterte data raskare som større enn ulempene med at svartida vert litt større.

Planlagt oppdatering

Vi driv testing av ei endring i NVDB som skal redusere tida som går med til indeksering av data – eller tida det tek frå NVDB mottek ei endring til den er tilgjengeleg i Les.

Vi har gode erfaringar med testing så langt og ser ut til å kunne redusere tidsbruken med opp mot 90%. Det vil sei at vi kan gå frå dagens situasjon der vi midt på dagen får inn meir enn dobbelt så mange endringar kvart minutt enn vi kan handsame, og dermed kontinuerleg bygger opp kø, til å kunne handsame opp til dobbelt så mange endringar som vi får inn no.

Konsekvens under oppdatering

Men innføring av endringa vil føre til komplett nedetid for Les-API og dermed alle system som er avhengige av dette (Vegkart, Datafangst og eksterne klientar som viser eller nyttar data i NVDB).

Reserveløysing

API v2 og Vegkart-2019 vil vere tilgjengeleg, men det er her ikkje informasjon om vegsystem eller nye fylkes- og kommunestrukturar. Det kan brukast for å finne fagdata om vegobjekt, men vil då innehalde gamle referanse til vegnett, fylker og kommunar.

Nasjonal vegdatabank API.v2 (NVDB API.v2)
Vegkart-2019 (vegvesen.no)

Vurdering nytte/ulempe – tilbakemelding

Vi ser gevinsen med å innføre denne endringa som så stor at dersom vi ikkje finn store problem under testing fra til fredag vil vi innføre det alt no i helga (startar arbeidet fredag 11. mars 2022 kl 16:00).
Dette er kort varsel, men vi har arbeida lenge med å finne ei løysing på dette problemet som stadig vert sørre og som vi får veldig mange tilbakemeldingar på at skaper problem for våre brukarar.
Dersom dette fører til store operasjonelle problem for nokon ber vi om tilbakemelding på dette til NVDB@vegvesen.no.

Les-API i ATM/test-miljø blir utilgjengeleg.

Vi er nødt til å ta ned API-Les i ATM/test-miljø for å teste ei endring vi planlegg i PROD til helga. ATM Les vil då vere nede frå eit tidspunkt no i ettermiddag (3/3 2022) til i morgon formiddag ein gong.

Målet med endringa er å kraftig redusere tidsbruken i IND som vil gjere at ventetida frå registrering i Skriv til data er tilgjengelg i Les vert betydeleg kortare enn i dag. Potensiell gevinst her er så stor og etterspurd at vi prioriterer å teste dette i ATM no så vi kan innføre det i PROD alt denne helga.