Oppdatering 29/10
Indeksering av databasen var ferdig litt før 02:00 i natt (29/10) og Les fekk igjen tilgang på ferske data. No er alt tilbak etil normalt og det kan leverast nye data til NVDB som vert oppdatert i Les kontinuerleg.
Oppdatering 28/10
Det er registrert store avvik og manglar i vegnettet i NVDB. Dette er ein følge av mangelfulle oppdateringar internt i NVDB etter feilen vi har hatt. Dette gjer at mange rapportar og søk ikkje fungerer eller gir mangelfulle resultat i NVDB i dag.
Indeksering av vegnettet er utført og ser ut til OK, men vi må vente med å legge det klart i Les til vegobjekta er indeksert og. Det er forventa klart i løpet av laurdag morgon/føremiddag.
Oppdatering 27/10 15:23 – STOPP/RESTART AV INDEKSERING
Det ser dessverre ut som det er korrupte data i NVDB. For å rette dette må vi stoppe serveren som indekserer endringar og starte den på nytt. Dette vil medføre at alle data må byggast opp på nytt frå databasen, ein prosess som vil ta 1 til 2 døgn med den datamengden vi har i dag. Alle data som er registrerte er intakte og vi ventar ikkje noko datatap i prosessen. Men uttak av data vil fram til indeksering er ferdig vere basert på tilstanden på data 26/10.
Vidare ser det ut som feilen har ført til korrupt vegnett i Les-API i delar av landet. Vi ser mellom anna at store delar av vegnettet manglar i Vegkart i Voss, Oslo og Trondheim. Det gjeld truleg og andre områder.
Dette vil nok skape problemer for alle som skal registrere data fram til helga.
Dei som er igang med registrering og har henta ut grunnlaget vil kunne fortsette med dette og lever data til NVDB som normalt.
Men dersom grunnlaget skal hentast ut frå NVDB no vil det vere utdatert og kan innehalde feil, som vil føre til at endringane vert avvist i NVDB sjølv om det er validert OK i verktøyet.
Oppdatering 27/10 11:00
Vi har endeleg fått litt kontroll med feilen. Det er indeksering (etterhandsaming) av enkelte vegnettsendringar som ikke går gjennom.
Vi har no manuell handsaming av unntak. Det gjer at det går litt saktare enn normalt, men etterslepet minkar no. Unntaka vil verte sett på i etterkant. Dette er ikkje ideelt, men vil fungere for dei fleste brukarane av NVDB på kort sikt.
Original melding
Det er problemer med publisering av data i NVDB i dag.
Det jobbes med feilretting.