Problemet med defekte lenker er løyst. Både nye og gamle lenker skal no fungere. Denne og fleire andre forbetringar er beskrive her: Vegkart (vegvesen.no)
Mange har lagra snarvegar og favorittar med ferdige filter i Vegkart for raskt å vise nyttig data. Det er og nytta i deling via e-post og dokument.
No er oppbygging av desse lenkene endra litt som gjer at dei gamle ikkje fungerer lenger. Vegkart nyttar eit 3.parts ferdig bibliotek med denne funksjonen for å bygge opp lenker. Vi ser no på om vi kan skru tilbake generering av lenker så dei gamle vil fungere igjen.
Vi vil oppdatere saka med informasjon om det let seg gjere eller alle lenkene må oppdaterast.