Det er igjen problem i NVDB. I dag er det Indeksering som ikkje fungerer som det skal.
Det betyr i praksis at alt som er oppdatert i NVDB etter 08:56:56 i dag (3/12-21) ikkje er tilgjengeleg for å hente ut igjen. Uthentig av data generelt fungerer som det skal, men siste endringar vert ikkje med.
Å levere data til NVDB fungerer som normalt, men her og er det problem dersom endringa omhandlar data som alt er oppdatert tidlegare i dag. den er ikkje klar for ny oppdatering før etter den er gjennom indeksering.
Dersom du har endringssett som står på vent eller som er godkjent, men ikkje kjem opp i Vegkart er det berre ein ting å gjere – vente. Ditt endringssett vil behalde sin plass i køa, og når NVDB er tilbake i normal drift vil den behandle køa sak for sak til den er oppdatert.
Vi er no så lang ut på fredagen at NVDB neppe er oppdatert før etter helgeindeksering. Men frå måndag morgon håpar vi at alle feil er retta og at alle data er oppdatert.